Marita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marita Liabø er ein norsk forfattar.
Foto: Jarle Vines

Marita og Maritha er kvinnenamn med fleire moglege opphav.

Namna kan vera skandinaviske kortformer av det latinske namnet Margarita, avleidd av det greske Margarites som tyder 'perle'. Namnet kan også vera ei spansk og tysk kjæleform av Maria. Marit, Margit og Rita er nærskylde namn.

Marita har norsk namnedag den 27. juli og svensk den 22. oktober.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet var særskild populært i Noreg rundt 1990, då det blei gjeve til 0,7 % av nyfødde jenter. I 2009 var det rundt 4 419 norske kvinner som heitte Marita, og 137 som heitte Maritha.

I Sverige var namnet særleg vanleg på 1940- og 50-talet.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]