Hopp til innhald

Marita Petersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marita Petersen
Fødd21. oktober 1940
Vágur
Død26. august 2001 (60 år)
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiJavnaðarflokkurin
Yrkelærar, politikar
Utdanna vedHellerup seminarium
Danmarks Pædagogiske Universitet
FarSámal Johansen
VervFormann i Lagtinget 1994–1995
FøregangarJógvan I. Olsen
EtterfylgjarJógvan I. Olsen
VervFærøyenes statsminister
FøregangarAtli Dam
EtterfylgjarEdmund Joensen
VervFormann i Javnaðarflokkurin 1993–23. mars 1996
FøregangarAtli Dam
EtterfylgjarJóannes Eidesgaard
Alle verv

Marita Petersen (fødd Johansen, 21. oktober 194026. august 2001) var ein færøysk sosialdemokratisk politikar. Ho var partileiar i Javnaðarflokkurin frå 1993 til 1996. Ho var den fyrste kvinna som nådde toppen i færøysk politikk, som regjeringssjef (lagmann) frå 1993 til 1994 og lagtingsformann frå 1994 til 1995. Petersen stod i spissen for tøffe forhandlingar med danske myndigheiter og bankar for å unngå økonomisk samanbrott på Færøyane som følgje av bankkrisa.[1]

Familie og yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Marita Johansen vaks opp i VágurSuðuroy som dotter av lærarparet Sámal Johansen og Anna Elisabeth Matras. Både faren og to av brørne hennar var politisk aktive. Brørne til mora, Christian Matras og Samuel Erik Matras, var også synlege i færøysk samfunnsliv. Ho var også i slekt med regjeringssjefen på Færøyane, Jógvan Sundstein. Marita Johansen gifta seg i 1962 med advokat Kári Dalsgaard Petersen.[2][3]

Petersen gjekk lærarseminaret i Hellerup ved København og tok seinare vidareutdanning i pedagogisk psykologi ved Danmarks Lærerhøjskole i Aarhus. Ho underviste ved kommuneskulen i Tórshavn fram til 1989, då ho vart undervisingsleiar i det færøyske undervisingsdirektoratet, Landsskúlafyrisitingin.[2][3]

Petersen var leiar i Føroya Lærarafelag frå 1980 til 1984.[2][3]

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Marita Petersen vart vald inn på Lagtinget fra Suðurstreymoy frå 1988 til 1998.[2][3]

I 1991 vart Petersen medlem av den sjette regjeringa til Atli Dam, med ansvar for skule-, kultur- og lovsaker. Ho gjorde seg kjend ved å reformere utdanninga for ungdommar, spesielt for yrkesfaglege retningar. Ho la også fram forslaget til ny alkohollov, som avslutta forbodstida på Færøyane og oppretta salsmonopolet Rúsdrekkasøla Landsins. Då Atli Dam trekte seg i 1993, overtok Marita Petersen leiinga av regjeringa.[2]

Regjeringa til Marita Petersen måtte handtere ei djup økonomisk krise som følgje av bankkrisa på Færøyane. Utfallet av forhandlingane med den danske regjeringa og Danske Bank vart at den færøyske regjeringa kjøpte aksjane til Danske Bank i Føroya Banki.[2]

Ved lagtingsvalet i 1994 vart Javnaðarflokkurin halvert. Petersen måtte gå av som regjeringssjef, men vart vald til lagtingsformann. Ho fortsette også som partileiar. I 1995 vart ho utfordra av Jóannes Eidesgaard om leiarskapet i Javnaðarflokkurin, men vart sitjande. Ho tredde til side under det påfølgjande landsmøtet i 1996. Som partileiar hadde ho arbeidd for ei fornying av programmet til partiet og for å aktivisere fleire av dei kvinnelege medlemane.[2]

Petersen gjekk ut av politikken i 1998 og leia oppbygginga av eit senter for spesialpedagogikk. I 2001 fekk ho påvist kreft og døydde etter et kort sjukeleie, 60 år gammal.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ibnlive.in.com Haven on Earth: 6 places secure from financial crisis- 1. Faroe Islands, Denmark
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Samuelsen, Eyðgunn (2003). «Marita Petersen». Danske Kvindebiografisk Leksikon (digital utg.). KVINFO. Henta 4. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Dahl, Árni (2002). «Ævisøgur». Løgtingið 150 – Hátíðarrit (PDF) (på færøysk) 2. Løgtingið. s. 337. ISBN 978-99918-966-5-6. Arkivert frå originalen (PDF) 4. januar 2014. 

Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]