Maritime Museum of the Atlantic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maritime Museum of the Atlantic

StadHalifax
Skipa1948
Kart
Maritime Museum of the Atlantic
44°38′52″N 63°34′16″W / 44.647694444444°N 63.571055555556°W / 44.647694444444; -63.571055555556

Maritime Museum of the Atlantic er eit maritimt museum som ligg i sentrum av Halifax i Nova Scotia i Canada.

Museet er ein medlemsinstitusjon i Nova Scotia Museum. Det er det eldste og største maritime museet i Canada med ei samling på over 30 000 gjenstandar, blant dei 70 mindre fartøy og eit dampskip: CSS «Acadia», eit 180-fot langt hydrografisk undersøkingsskip sjøsett i 1913.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sluppen «Windekilde», ein kopi av eit fartøy frå 1890-talet som er kalla opp etter den fyrste museumsdirektøren Niels Windekilde Jannasch.

Museet blei grunnlagt i 1948. Det blei fyrst kalla Maritime Museum of Canada og låg ved HMC Dockyard, marinebasen ved Halifax Harbour. Fleire marineoffiserar var frivillige leiarar for museet fram til 1959, då Niels Jannasch blei hyra som den fyrste museumsdirektøren. Han var i stillinga til 1985. Museet flytta mellom ulike stader i dei neste tre tiåra før det enda opp i den noverande bygningen sin, som blei reist i 1981 i samband med utvikling av hamnedelen av byen. Museet fekk CSS «Acadia» i 1982. I dag er det del av Nova Scotia Museum-sambandet.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Den vassvende sida av museet

Museet var ein av dei fyrste attraksjonane som opna ved nyutbygde Halifax Waterfront. Plasseringa gjer at museet kan ha fleire pirar og båthus, i tillegg til eit utsyn over Halifax Harbour mot havet, hamnesjefkontoret og Georges Island og over til Dartmouth. Ein av bygningane til museet er ein skipshandel frå 1880-talet, Robertson Store. Den moderne museumsbygningen har utstillingsgalleri i sin Devonian Wing. HMCS «Sackville», ein korvett frå andre verdskrigen i Flower-klassen, er ankra opp ved sida av museet om sommaren, men er ikkje eigd eller administrert av museet.

Samling[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Halifax med museet og CSS «Acadia».

I tillegg til dei over 30 000 gjenstandane har museet òg ei samling på 30 000 fotografi og dessutan ei stor samling av diagram og sjeldne bøker. Eit referansebibliotek som er ope for publikum er kalla opp etter grunnleggaren til museet, Niels Jannasch-biblioteket. Museet har den største samlinga av skipsportrett i Canada, mellom dei det eldste skipsportrettet i Canada, og dessutan ei stor samling av skipsmodellar, mellom dei originale produksjonsmodellane til TV-serien Theodore Tugboat, eller Taubåten Theodor. Ein driv restaurering av sluppen «Whim» i eit av båthusa på brygga bak museet. I tillegg til restaureringsprosjektet rommar båthusa noko av museet si samling av mindre fartøy. Om sommaren kan ein finna tre båtar i frå samlinga av fungerande fartøy fortøydde ved sida av CSS «Acadia». I juli 2017 fullførte museet òg restaureringa av den vesle skonnerten «Hebridee II».

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Det norske minnesmerket ved museet

Museet har galleri som Days of Sail, Age of Steam, Small Craft, Canadian Navy, Halifax Explosion og Shipwrecks. Ei permanent utstilling tek for seg forliset til RMS «Titanic» med vekt på Nova Scotia si rolle i å samla lika etter forliset. Museet har ei samling tregjenstandar frå «Titanic», mellom anna ein av dei få overlevande dekkstolane derfrå. Titanic-utstillinga omfattar også eit par barnesko som bidrog til å identifisera det «ukjente barnet» frå forliset som Sidney Leslie Goodwin.[1]

Naboutstillinga «Shipwreck Treasures of Nova Scotia» tek for seg dei mange andre forlisa som har funne stad utanfor kysten av Nova Scotia, og viser mellom anna dei arkeologiske funna av skipsvrak i Louisbourg Harbour og ein ukjend skonnert frå 1750-talet funne ved Lower Prospect. Ein viser også resultat av skattejakt med ein del om skattevrak ved Cape Breton som viser våpen, instrument, gull og sølv frå vrak som HMS «Feversham» frå 1711, «Chameau» frå 1725 og «Auguste» frå 1761.[2]

«Age of Steam»-galleriet har ei særskild utstilling om Samuel Cunard, ein mann frå Nova Scotia som skipa reiarlaget Cunard Line. Den restaurerte Robertson-bygingen omfattar ein komplett skipshandel frå 1880-åra med tåkelurar, tauverk og anna skipsutstyr.

Marinegalleriet omfattar «Convoy Exhibit» om Slaget om Atlanterhavet under andre verdskrigen med minneboka til den kanadiske handelsmarinen. Det er reist monument til sjøfolk frå den kanadiske og norske handelsmarinen like utanfor museet. Her finst det også ein leikeplass for barn forma som ein u-båt.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Titanic's Unknown Child Identified" Arkivert 2012-09-29 ved Wayback Machine., Discovery Channel News, April 26, 2011
  2. Roger Marsters, Shipwreck Treasures of Nova Scotia: Disaster and Discovery on Canada's East Coast, Formac Publishing Halifax (2002), pp. 26–27, 40, 44

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Maritime Museum of the Atlantic