Marius Bear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marius Bear

Fødd21. april 1993 (31 år)
FødestadSchlatt-Haslen
AliasMarius Bäär
OpphavSveits
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, songar-låtskrivar
PrisarSwiss Music Awards

Marius Hügli (fødd 21. april 1993), betre kjend som Marius Bear, er ein sveitsisk songar og låtskrivar. Han representerte Sveits i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Boys Do Cry».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bear vaks opp i tettstaden Enggenhütten i Schlatt-Haslen kommune i Appenzell Innerrhoden kanton.[1] Det var fyrst under fyrstegongstenesta i det sveitsiske forsvaret at han oppdaga at han hadde eit talent for musikk. Ein av medsoldatane vart imponert over stemma hans, og dei jamma saman for fyrste gang den same kvelden: «Eg la med ein gong merke til kor frigjerande det er å uttrykke kjenslene mine gjennom song og musikk. Det var det fyrste steget på min nye veg».[2]

Etter fyrstegongstenesta studerte han for å bli anleggsmaskin-mekanikar, men avslutta studiane i 2016. I staden reiste han rundt i Tyskland og Sveits som gatemusikant.[3] På ein musikkfestival vart han kjend med ein musikkprodusent som inviterte han til New York. Der vart han raskt ein del av det sveitsiske musikkmiljøet i byen.[2]

I 2017 flytta Bear til Storbritannia der han studerte musikkproduksjon ved British and Irish Modern Music Institute (BIMM Institute) i London. Parallelt med dette deltok han i ei rekkje låtskrivar-sessionar med kjende låtskrivarar. I 2019 gav Bear ut sitt fyrste album, Not Loud Enough, som gjekkk inn på den sveitsiske albumlista.[4] I 2019 vann han ein Swiss Music Award i klassen «beste talent».[3][5] Han har delteke i fleire tv-program, blant anna I Can See Your Voice (RTL i 2020) og 1 gegen 100 (SRF 1 i 2021).

I mars 2022 kunngjorde den sveitsiske ålmennkringkastaren SRG SSR at han hadde vald Marius Bear til å representere Sveits i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Bear deltok med songen «Boys Do Cry», som han skreiv saman med Martin Gallop. Songen kvalifiserte seg til finalen, der han enda som nummer 17 av 25.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP-ar og album[endre | endre wikiteksten]

  • 2018: Sanity (EP)
  • 2019: Not Loud Enough (album)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tagesschau vom 08.03.2022: Hauptausgabe - Play SRF» (på tysk). Henta 9. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Switzerland: Marius Bear will take 'Boys Do Cry' to Eurovision 2022 🇨🇭». Eurovision.tv (på engelsk). 8. mars 2022. Henta 9. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Eurovision Song Contest - Das ist unser ESC-Kandidat: Marius Bear». Schweizer Radio und Fernsehen (SRF) (på tysk). 8. mars 2022. Henta 9. mars 2022. 
  4. «Marius Bear - Not Loud Enough». Henta 9. mars 2022. 
  5. «Swiss Music Awards 2019 - Appenzell-Innerrhoden hat sein SRF 3 Best Talent 2019». Schweizer Radio und Fernsehen (SRF) (på tysk). 18. februar 2019. Henta 9. mars 2022. 
  6. «Marius Bear - Switzerland - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.