Marius Corbett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marius Corbett
Statsborgarskap Sør-Afrika
Fødd 26. september 1975 (48 år)
Potchefstroom
Idrett friidrett
Tok del i

Samveldeleikane 1998

Marius Corbett (fødd 26. september 1975 i Potchefstroom) er ein sørafrikansk tidlegare spydkastar. Han overraska stort og vart verdsmeister i øvinga under VM 1997 i Athen. Under konkurransen forbetra han sin personlege rekord med 4,50 meter. Hans personlege rekord er 88,75 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Corbett synte allereie i unge år store evner som spydkastar. Han vart verdsmeister for juniorar i 1994 med eit kast på 77,98 meter.

Under friidretts-VM i Athen i 1997 kvalifiserte han seg til finalen som tiandemann, med eit kast på 80,72 m. I finalen opna han med 76,58 m og låg på tiandeplass etter den fyrste omgangen. I andre omgang slengde han spydet 88,40 m, ny personleg rekord med langt over fire meter, og tok leiinga framom tre kastarar som alle nådde over 86-metersstreken i same omgangen. Corbett fekk opp eit nytt godt kast i tredje omgangen, nøyaktig meteren kortare enn det som skulle vise seg å ha vore vinnarkastet. Ingen andre kastarar kom over 87 meter, Steve Backley var nærast då han i siste omgangen vann sølvmedaljen med 86,80 m.

I 1998 vart Corbett afrikameister då han i Dakar kasta spydet 79,82 m. Seinare same året oppnådde han sitt aller lengste kast, 88,75 m, då han vann samveldeleikane i 1998. Vinnarresultat står som sørafrikansk rekord også i 2012.

Corbett slutta spydkastinga i 2001.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]