Marius Friman Bøckman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marius Friman Bøckman
Marius Bøckman (crop) (UBT-AU-34802 01 1).jpg
Fødd 23. august 1846
Håland herad
Død

1. desember 1928
Trondheim

Yrke politikar, lege
Marius Friman Bøckman på Commons

Marius Friman Dahl Bøckman (23. august 18461. desember 1928) var ein norsk lege og stortingsmann for Høgre, fødd i Håland herad. Søren Bøckmann var farfaren hans.

Bøckman var son til ein prost og bror til biskop Wilhelm Bøckman. Sjølv vart han student ved Molde skole i 1864 og tok medisinsk embetseksamen i hovudstaden i 1871. Åra 1871-72 var han kandidat ved Rikshospitalet og deretter assistent hos distriktslegen ved Nordre Trondhjems Amts Sygehus på Eidsøra i vel to år. Perioden 1875-90 var han privatpraktiserande lege i Trondheim og sidan stadsfysikus same staden til 1919. Bøckman var president i Den norske Lægeforening 1892–93.

Bøckman var i 1883 mellom dei som baud inn til stiftinga av Grundlovsforeningen i Trondhjem, det seinare Trondheim Høgre, og var styremedlem i foreininga frå stiftinga. Han var medlem av bystyret i Trondheim i mange år, varaordførar i 1887 og ordførar i 1888. Tingbolken 1892-94 representerte han valkrinsen Trondhjem og LevangerStortinget. På Tinget var han sesjonane 1892 og -93 medlem av militærkomiteen, i 1894 sekretær i sosialkomiteen. I 1893 var han permittert frå 16. juni.

Bøckman var formann i kontrollkomiteane for Rotvoll asyl 1882–1905, Trondhjem Hospitals Sindsygeasyl i 1883 og Kriminalasylet i 1895, samt ordførar i forstandarskapet til Trondhjems Sparebank i 1904. Han var kommandør av 2. klasse av St. Olavs Orden og innehavar av Kroningsmedaljen 1906 av 1. klasse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]