Marius Nygaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marius Nygaard
Marius Nygaard.png
Fødd 13. september 1838
Bergen
Død

7. februar 1912
Christiania

Yrke språkforskar, skribent, filolog

Marius Nygaard (13. september 18387. februar 1912) var ein norsk skulemann og språkgranskar frå Bergen. Han var far til forleggjaren William Nygaard.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nygaard vart student i 1855 og cand. philol. i 1861. Frå 1864 var han adjunkt og seinare overlærar i Kristiansand. I 1877 vart han rektor i Frederikshald. Til sist hadde han perioden 1894-1910 tilsvarande stilling i Drammen.

I yngre år var Nyggard med i målmanns-krinsen kring Henrik Krohn og Georg Grieg i fødebyen Bergen. Han gav i 1867 ut ei lita mållære; Kortfattet Fremstilling af det norske Landsmaals Grammatik, den fyrste i sitt slag etter Ivar Aasen. Vidare studerte Nygaard språkbruken i norrønt språk og gav i 1875 ut den mykje brukte læreboka Oldnorsk Læsebog for Begyndere. I 1905 kom det grunnlegjande verket Norsk Syntax. Nygaard gjorde førearbeidet til 1907-rettskrivinga for riksmålet.

Nygaard døydde i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]