Marj al-Saffar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marj al-Saffar
slette
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement

Marj al-Saffar (arabisk مرج الصفر, Marj Aṣ-Ṣafar) er ei stor slette sør for Damaskus. Marj al-Saffar grensar i nord til høgrebreidda av elva al-A'waj, som flyt frå Hermon til Bahr al-Hijana. Den sørlege delen av sletta grensar til lavasletta Laja. I søraust ligg vulkanområdet Al-Safa som markerer grensa til sletta. Marj al-Saffar grensar i vest til landsbyen Kanakir og i nordvest til lavastraumen (wa'r) Zakiya. Jernbanelinja frå Damaskus til Daraa grensar til Marj al-Saffar i aust.

Marj al-Saffar i militærhistoria[endre | endre wikiteksten]

På grunn av god vassforsyning og gode beitemarker har det vorte utkjempa mange slag på Marj al-Saffar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2014.
  • Elisséeff, N. «Mard̲j̲al-Ṣuffar.» Encyclopaedia of Islam, Andre utgåve, bind 6, s. 546–548.