Marja-Liisa Kirvesniemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marja-Liisa Kirvesniemi
Fødd 10. september 1955
Simpele
Yrke langrennsløpar

Marja-Liisa Kirvesniemi, til 1985 Marja-Liisa Hämäläinen, (fødd 10. september 1955) er ein tidlegare finsk langrennsløpar frå Simpele i Södra Karelen. Ho var den store forgrunnsfiguren under vinter-OL 1984 i Sarajevo, der ho vann alle dei tre individuelle langrennsøvingane, i tillegg tok bronse for Finland på stafetten. I 1989 vart ho verdsmeister på 10 km og i stafett på finsk heimegrunn i Lahti, den siste VM-tittelen kom elleve år etter at ho på same staden hadde vunne si fyrste internasjonale gullmedalje i nøyaktig same øvinga; 4x5 km stafett. Gjennom tidsrommet 1978-94 vann Hämäläinen-Kirvesniemi 15 olympiske og VM-medaljar i langrenn; seks i gull, fem i sølv og fire i bronse. Fire av medaljane kom i stafettevlingar. Ho er gift med Harri Kirvesniemi.

Marja-Liisa Kirvesniemi vart i 1989 tildelt Holmenkollmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]