Marjut Lukkarinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marjut Lukkarinen
Fødd 4. februar 1966
Lojo
Yrke langrennsløpar

Anne Marjut Astrid Lukkarinen, gift Rolig, (fødd 4. februar 1966) er ein finsk tidlegare langrennar frå Lohja som vart olympisk meister på 5 km under Vinter-OL 1992. Ho tok elles sølvmedaljen på 15 km i same leikane og bronsen i same øvinga i Ski-VM 1993.

Lukkarinen deltok i Ski-VM 1991 i Val di Fiemme, der ho som best vart nummer seks på 5 km i klassisk stil. Året etter var ho i sitt livs form då Vinter-OL 1992 fann stad i franske Albertville. Ho opna leikane med å vinne sølv på 15 km klassisk, rett nok over minuttet bak den suverene vinnaren Ljubov Jegorova frå Sovjetunionen. Fire dagar seinare gjekk Lukkarinen inn til OL-gull på 5 km, ni tidels sekund framom nemnde Jegorova. Sigeren var Lukkarinens einaste i eit internasjonalt renn. På den etterfølgjande jaktatarten over 15 km enda ho på fjerdeplassen. Gjennom tevlingane i OL-sesongen sikra ho seg fjerdeplassen i verdscupen i langrenn 1992.

Under Ski-VM 1993 i Falun kjempa Marjut Rolig, som ho då heitte, med landsmannen Marja-Liisa Kirvesniemi om kven som skulle få sølv og bronse på 15 km klassisk, ein kamp som enda med fordel Kirvesniemi. Året etter var Rolig ikkje lenger like skarp i sporet, men vart for fjerde meisterskap på rad nummer fire i 4 x 5 km stafett med Finlands sitt mannskap under vinterleikaneLillehammer. Individuelt vart ho som best nummer åtte på 30 km. Ho la bort konkurranseskia ved sesongslutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]