Mark Clarke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mark Clarke

Fødd25. juli 1950 (73 år)
FødestadLiverpool i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1966
SjangerRock
InstrumentBass
Tilknytte artistarColosseum, Uriah Heep, Tempest, Mountain, Rainbow, Natural Gas, The Monkees, Billy Squier, Torque
Verka somMusikar

Mark Clarke (fødd 25. juli 1950) er ein engelsk musikar, bassist og songar.

I 1966 spelte Mark Clark med bandet The Kegmen, i 1968 med The Locomotif og seint i 1968 med St. James Infirmary. Ein artikkel i Liverpool Echo kalla han «The Joe Cocker of Liverpool». Etter eit år med lokale konsertar, flytta han til London, der han vart introdusert for Clem Clempson, som på den tida spelte i Colosseum.

Etter ei tid vart Clarke spurt av Jon Hiseman om å bli med i Colosseum sommaren 1970 og han spelt ei bandet til dei vart oppløyst seint i 1971. Han deltok òg i sameininga av bandet frå 1994.[1] Etter at Colosseum vart oppløyst i 1971 var han ei kort stund medlem av Uriah Heep,[2] og spelte på ein song, «The Wizard», som han òg var med å skreiv, på albumet Demons & Wizards i 1972. Frå og med 1973 var han medlem av Jon Hiseman sitt Tempest[3] og spelte bass på dei to Tempest-albuma i lag med Allan Holdsworth, Ollie Halsall og Paul Williams, og eit konsertalbum som kom ut seinare. Han spelte òg bass på soloalbuma til Ken Hensley.

I 1975 skipa han Natural Gas i lag med Joey Molland, Jerry Shirley og Peter Wood. Han spelte òg i Mountain, Ritchie Blackmore's Rainbow, og i 1980 byrja han å spele med Billy Squier og spelte inn Don't Say No, The Stroke, In the Dark og mange andre med han. I 1985 turnerte han med The Monkees, og arbeidde så i mange år med Davy Jones. Clarke har òg spelt med Ian Hunter og Torque.

I 2010 gav Mark Clarke ut det første soloalbumet sitt, Moving to the Moon, som vart produsert av Ray DeTone.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Colosseum

Uriah Heep

Tempest

Natural Gas

Ken Hensley

Bill Squier

Ian Hunter

Mountain

Soloalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Deming, Mark. «Biography: Colosseum». Allmusic. Henta 3. januar 2021. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «Biography: Uriah Heep». Allmusic. Henta 3. januar 2021. 
  3. Monger, James Christopher. «Biography: Tempest». Allmusic. Henta 3. januar 2021.