Mark Farner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mark Farner
Mark Farner (2009).jpg
Mark Farner på the Fall Fest i Lawrenceburg i Indiana, 26. september 2009.
Fødd29. september 1948 (71 år)
FødestadFlint i Michigan i USA
OpphavUSA
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock, hardrock, CCM
InstrumentGitar, vokal, klaverinstrument, munnspel, bassgitar
Tilknytte artistarGrand Funk Railroad, Terry Knight and the Pack, N'rG, Ringo Starr & His All-Starr Band, Edgar Winter, Rick Derringer, Dave Mason
PlateselskapCapitol, MCA, Atlantic, Warner, Lismark
Verka somMusikar, låtskrivar

Mark Fredrick Farner (fødd 29. september 1948) er ein USA-amerikansk songar, gitarist og låtskrivar. Han er best kjend som songar og gitarist i Grand Funk Railroad, og seinare som kristen musikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Farner byrja karrieren sin med å spele med Terry Knight and The Pack (1965–1966), The Bossmen (1966), The Pack (eller The Fabulous Pack) (1967–1968), før han skipa Grand Funk Railroad med Don Brewer (trommer) og Mel Schacher (bassgitar) i 1968. Craig Frost (klaverinstrument) kom med i bandet i 1973. Farner stammar frå cherokee-stamma på morssida.[1]

Med Grand Funk Railroad[endre | endre wikiteksten]

Farner var gitarist og songar i Grand Funk Railroad, i tillegg til at han skreiv dei fleste songane deira. Den mest kjende songen hans er «I'm Your Captain (Closer to Home)».[2] Han skreiv òg hitten «Bad Time» frå 1975, den siste av dei fire singlane til bandet som nådde topp 5 på Billboard Hot 100.[3]

Etter Grand Funk Railroad[endre | endre wikiteksten]

Etter at Grand Funk først vart oppløyst i 1976, gav Farner ut det første soloalbumet sitt i 1977.[4] Det andre, No Frills, kom i 1978.[5] I 1981 gjekk Farner og Don Brewer i lag med ein ny Grand Funk-besetning og spelte inn to album, Grand Funk Lives og What's Funk?. Farner gjekk solo igjen i 1988 med Just Another Injustice. Farner hadde suksess med John Beland-songen «Isn't it Amazing», som han vart nominert til Dove Award og som nådde andreplassen på Contemporary Christian music-lista.

Frå 1994 til 1995 turnerte Farner med Ringo Starr's Allstars, i lag med Randy Bachman, John Entwistle, Felix Cavaliere, Billy Preston, og sonen til Starr, Zak Starkey.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Mark Farner, 1977
  • No Frills, 1978
  • Just Another Injustice, 1988
  • Wake Up, 1989
  • Some Kind of Wonderful, 1991
  • For the People, 2006

Andre album[endre | endre wikiteksten]

  • Closer to Home, 1992 (best-of)
  • Heirlooms: The Complete Atlantic Sessions, 2000 (nyutgjeving av Farner)
  • Red White and Blue Forever, 2002 (mini-album)
  • Live!! N'rG, 2003

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith, Noel Lyn. «Grand Funk's frontman to rock Jackson arena». navajotimes.com. Henta 2. august 2016. 
  2. Grand Funk Railroad. VH1 Behind the Music. March 7, 1999. 
  3. Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singlar 1955–2002. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. s. 288. ISBN 0-89820-155-1. 
  4. http://www.discogs.com/Mark-Farner-Mark-Farner/master/218900
  5. http://www.discogs.com/Mark-Farner-Band-No-Frills/release/2941421
  6. «‘Funk’ frontman headlines special concert». Branson Tri-Lakes News. Henta 2. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mark Farner