Mark Kirchner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mark Kirchner
Porträts bei der Olympia-Einkleidung München 2018 (Martin Rulsch) 40.jpg
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 4. april 1970
Neuhaus am Rennweg
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Mark Kirchner (fødd 4. april 1970) er ein tysk tidlegare skiskyttar og langrennar frå Neuhaus am Rennweg i Thüringen. Han har vunne fire individuelle VM-gull og eitt individuelt OL-gull, tre VM-gull i stafett og lagtevlingar, samt eitt OL-gull i stafett. I alt vann han 14 VM- og Ol-medaljar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

Kirchner vart juniormeister individuelt allereie i 1988. To år seinare, før han var ute av junioralderen, vart han verdsmeister på 10 km under verdsmeisterskapen i skiskyting 1990 i Oslo. I same meisterskapen tok han ein gullmedalje i lagøvinga med DDR-mannskapen. Året etter sigra Kirchner i alle tre tevlingane under VM 1991 i Lahti.

Kirchner tok også medaljar i samtlege tre øvingar under vinter-OL 1992 i Albertville. Han vann gullmedaljen på 10 km og på stafetten gjekk han for det tyske vinnarlaget, dessutan tok han sølv på 20 km. I 1993 vann han 10-kilometeren i fjerde meisterskapen på rad. Under OL på Lillehammer i 1994 deltok Kirchner på det vinnande tyske stafettlaget, sameleis i VM 1995. Men korkje i 1994 eller -95 nådde han opp i medaljestriden i dei individuelle øvingane. I 1997 tok han si 14. og siste OL- eller VM-medalje, då han deltok på Tyskland sitt lag i lagøvinga.

Kirchner vann fem individuelle renn i verdscupen i skiskyting. Sesongane 1991 og 1993 kom han på andreplass i verdscup-turneringa, bakom høvesvis Sergej Tsjepikov og Mikael Löfgren.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Kirchner deltok i langrenn i eit par sesongar etter han slutta å satse på skiskyting. Mellom anna gjekk han sisteetappen for Tyskland på 4 x 10 km stafett under Ski-VM 1999 i Ramsau, og kom på fjerdeplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mark Kirchner