Mark Rutte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mark Rutte
Mark Rutte-6.jpg
Fødd 14. februar 1967

Haag

Mark Rutte (fødd 14. februar 1967) er ein nederlandsk politikar frå Haag, som har vore statsminister i Nederland sidan 14. oktober 2010. Han har elles vore leiar i det liberalistiske høgrepartiet Volkspartij voor Vrijheid en Democratie (VVD) sidan 29. mai 2006.

Rutte entra politikken då han i ein toårsperiode, 2002-04, var statssekretær for sosial- og arbeidsspørsmål. Dereretter var han i ein ny toårsperiode statssekretær for utdanning, kultur og forskning, til dess han sommaren 2006 vart vald til formann i VVD. Han var partiet sin toppkandidat ved parlamentsvalet i 2006, der VVD vart det fjerde største med sine 22 mandat. Sidan dei tre største partia skipa regjering, vart Rutte opposisjonsleiar i parlamentet.

Gjennom parlamentsvalet i juni 2010 vart VVD det største partiet med sine 31 representantar i ei nasjonalforsamling med 150 folkevalde. Etter langvarige forhandlingar vart Rutte statsminister 14. oktober, og leiar av den fyrste mindretalsregjeringa i Nederland etter andre verdskrigen. Regjeringskoalisjonen bestod av VVD og kristlegdemokratane i CDA, med parlamentarisk stønad frå det høgreorienterte Fridomspartiet. Strid om nedskjeringar i den nederlandske økonomien førde til at Fridomspartiet drog tilbake den parlamentarisk støtta til regjeringa i april 2012. Rutte søkte då avskjed, og det vart nytt parlamentsval i september 2012. VVD fekk 41 mandat i valet og heldt fram med å ha den største partigruppa i nasjonalforsamlinga. Rutte kunne halde fram som stasminister, frå 5.november 2012 som sjef for ei fleirtalsregjering der VVD styrte i samarbeid med Arbeidarpartiet (PvDA).

Ved parlamentsvalet mars 2017 fekk VVD åtte færre mandat, men var framleis partiet med størst oppslutning frå veljarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]