Mark Spitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mark Spitz
Mark Spitz.jpg
Fødd 10. februar 1950
Modesto
Yrke symjar
Mark Spitz på Commons

Mark Andrew Spitz (fødd 10. februar 1950 i Modesto i USA) er ein tidlegare amerikansk symjar. Under OL i München i 1972 tok han sju gullmedaljar, noko han var åleine i å ha oppnådd fram til Beijing-OL i 2008. Da tangerte den amerikanske symjaren Michael Phelpsdenne rekorden.

Etter München-OL la han opp som aktiv symjar. 20 år etter til, OL i Barcelona i 1992, freista han på ny å kvalifisere seg til OL. Det lukkast ikkje. Han var då 41 år gammal.

Under OL i Mexico by i 1968 tok Spitz to gull med det amerikanske stafettlaget, og har dermed totalt vunne ni olympiske gullmedaljar.

Han forbetra verdsrekorden på 100 fri fleire gongar. Sist til 52,21 under OL i München 3. september 1972.

OL-medaljar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]