Mark Volman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mark Volman
Mark Volman.jpg
Volman i 2008 som ein del av «The Turtles Featuring Flo & Eddie»
Alias Flo
Phlorescent Leech
Fødd 19. april 1947 (67 år), Los Angeles i California i USA
Instrument Vokal, gitar, klaverinstrument
Sjanger Alternativ rock, rock and roll, R&B, eksperimentell rock
Aktive år 1967 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, professor
Tilknytte artistar The Turtles, Frank Zappa and the Mothers of Invention, Flo & Eddie
Plateselskap Warner Bros., Columbia
Nettstad www.theturtles.com/
Kjende instrument
Fender Stratocaster

Mark Volman (fødd 19. april 1947) er ein amerikansk gitarist, vokalist og låtkrivar, mest kjend som medlem av 60-talsbandet the Turtles. Volman song seinare i Mothers of Invention leia av Frank Zappa. Stundom har han nytta pseudonymet «Flo» i lag med venen og partnaren sin Howard Kaylan og i lag har dei nytta scenenamna Flo & Eddie.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Studentliv[endre | endre wikiteksten]

Volman var fødd i Los Angeles og voks opp i Westchester, ein forstad til Los Angeles, der han gjekk ut frå Westchester High School i 1965. Over 25 år seinare, 45 år gammal i 1992, starta han på bachelor-graden sin ved Loyola Marymount University. Volman fekk graden i 1997.[1]

Volman tok sidan mastergrad i Fine Arts med vekt som manusforfattar i 1999, òg dette frå Loyola. Sidan den gong har han vore lærar i faga Music Business & Industry ved Loyola. Han ar i dag førsteamanuensis ved Belmont University.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Volman (og Frank Zappa i bakgrunnen); desember 1971 i Hamburg.

Volman og Howard Kaylan danna The Turtles, eit popband på slutten av 1960-åra. I desember 1968 rapporterte NME at Volman hadde forsikra det særeigne krøllete håret sitt for 100 000 USD mot brann, tjuveri eller hårtap på grunn av sjukdom.[3] Då bandet vart lagt ned, oppdaga Volman og Kaylan at kontrakten deira ikkje berre gav dei forbod mot å nytte namnet 'The Turtles', men òg deira eigne namn. Kayland og Volman vart rekrutterte av Frank Zappa, og vart med i Mothers of Invention, og dei arbeidde òg i lag som Flo & Eddie. Dei gav òg stemmer og musikk til animasjonsfilmar som Down and Dirty Duck. I 1971 var Volman med i halvdokumentaren til Zappa, 200 Motels.[4] Kaylan og Volman er i dag framleis aktive, som «The Turtles ... Featuring Flo & Eddie».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rag Baby Online Magazine: april 9, 1999 [3]
  2. : Ask Professor Flo :
  3. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 191. CN 5585. 
  4. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 223. CN 5585. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]