Marko Lomić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marko Lomić
Marko Lomić (Dynamo Moscow 2010).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Marko Lomić
Fødd 13. september 1983
Fødestad Čačak
Høgd 187 cm
Posisjon Venstreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Dinamo Moskva)
Nummer 32
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-02
2002
2002-05
2005-07
2007-09
2009-10
2010-
Serbia og Montenegro Borac Čačak
Flag of Bulgaria.svg Litex Lovetsj (lån)
Serbia og Montenegro Železnik
Flag of Serbia.svg Partizan
Tyskland Koblenz
Flag of Serbia.svg Partizan
Flag of Russia.svg Dinamo Moskva
16 (9)
0 (0)
72 (0)
50 (3)
53 (0)
25 (3)
11 (0)
Landslag
2010- Flag of Serbia.svg Serbia 2 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. august 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 4. august 2010

Marko Lomić (fødd 13. september 1983 Čačak i Serbia) er ein serbisk fotballspelar som spelar i forsvar for Dinamo Moskva i den russiske fotballigaen. Han har òg landskampar for Serbia.

Lomić begynte karrieren sin hjå Borac Čačak i heimbyen. I 2002 gjekk han til Litex Lovetsj i Bulgaria, men vende heim etter eit halvt år utan å ha spelt nokon seriekampar. Han vart cupmeister i Serbia med Železnik i 2005. Før 2005/06-sesongen planla han ein overgang til den rumenske klubben FCU Politehnica Timişoara, men kort før kontrakten skulle underskrivast, fekk han eit tilbod frå den serbiske toppklubben FK Partizan i Beograd.

Med Partizan spelte han mellom anna i meisterligakvalifisering i 2005/06-sesongen og i UEFA-cupen i 2006/07, men fekk ingen seriemeisterskap med Partizan. I 2007 gjekk han til den tyske andredivisjonsklubben TuS Koblenz, der han spelte til august 2009. Han var då ikkje med i framtidsplanane til trenaren, og vende attende til Partizan. Der spelte han 2009/10-sesongen, før han gjekk til Dinamo Moskva i Russland våren 2010.

Lomić debuterte for Serbia sitt A-landslag 7. april 2010 i ein kamp mot Japan, men kom ikkje med i Serbia sin tropp til fotball-VM i 2010.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 6. desember 2010.