Markus Wasmeier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Markus Wasmeier


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 9. september 1963 (60 år)
Schliersee
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1988, Alpint under Vinter-OL 1994 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 1994 – Storslalåm menn

Utmerkingar

Den bayerske fortjenstorden, Bayerischer Poetentaler, Sportler des Jahres

Markus Wasmeier (fødd 9. september 1963) er ein tysk tidlegare skirennar frå Schliersee i Bayern som vann to OL-gull på Lillehammer i 1994 og VM-gull i storslalåm i 1985.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wasmeier overraska stort då han vart verdsmeister i storslalåm ved VM i alpine greiner 1985 i Bormio. Eitt år seinare, den 9. februar 1986, vann han sine to fyrste renn i verdscupen i alpine greiner i franske Morzine. Han sigra då i eit kombinasjonsrenn og eit super-G-renn. Fram til januar 1992 vann han ytterlegare sju verdscuprenn, fem av triumfane kom i super-G og to i utfor.

Wasmeier tok bronsemedaljen i super-G ved alpin-VM 1987 i Crans-Montana i Sveits. I 1987-sesongen kapra han FIS-pokalen som beste super-G-utøvar i verdscupen. Både i 1986 og 1987 vart han nummer tre i verdscupen i alpine greiner.

Under Vinter-OL 1994Lillehammer vann Wasmeier to gullmedaljar, fyrst i super-G og så i storslalåm. Dermed var han både verdsmeister og olympisk meister i storslalåm, ei grein han aldri vann eit verdscuprenn i. Etter OL-sesongen la Wasmeier opp som alpinist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]