Marmorering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detalj - dørspegel i Dolstad kyrkje.
Marmoret altar frå 1771 i Pfarrkirche St. Pankratius i Wiggensbach i Tyskland.

Marmorering er ein måleteknikk der det blir brukt to eller fleire farger som saman gjev eit mønster som minner om marmorsteinflater. Marmorering kan vere eit billigare alternativ til å bruka ekte marmor i eit bygg, men teknikken kan også brukast for å få ei meir komponert, dramatisk utsjånad enn steinen gjev. Også papir kan dekorerast med marmorering. Då dyppar ein papirark i eit vassbad med eit skikt av oljefargar på vassflata. Slikt papir er mellom anna vanleg i gamle bøker.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne marmorerte flater frå romersk tid i Pompei, daterte til seinast år 79 e. Kr. Teknikken er blitt brukt i Europa gjennom stilepokane, men særleg under renessansen. Marmoreringsteknikken kom til Sverige som veggmålingar i nokre mellomalderkyrkjer, og fekk ei stordomstid med palass- og kyrkjebygginga i barokken. Dei fleste marmoreringane som er bevarte til i dag, er likevel frå 1800-talet.

Som folkekunst utvikla marmoreringskunsten seg som ein eigen kunstart, og fekk etterkvart lite til felles med dei bergartane som opphavleg kunne ha vore førelegget. Ulike landsdelar kunne slik få sine eigne marmoreringstradisjonar.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]