Marmurovi Pecjeri

Koordinatar: 44°47′49″N 34°16′43″E / 44.79694°N 34.27861°E / 44.79694; 34.27861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Marmorgrottene (russisk Мра́морная пещера, ukrainsk Мармурова печера, krimtatarisk Mermer qobası) er ei grotteKrimhalvøya, i Tsjatyr-Dag-massivet. Det er eit populært turistmål.

I 1987 vart grotta oppdaga med eit komplekst system av haller og galleri, ikkje langt frå dei andre grottene Bin Basj-Koba (Tusen hovud) og Suuk-Koba (Kald).[1] Den nye grotta som ligg 920 meter over havet vart kalla Marmor (opphavleg nytta ein namnet Afghan), fordi ho er forma av marmorert kalkstein.[2] Frå 1988 byrja arbeidet med å legge stiar inn og lyssette grotta.

Grotta vert rekna som eit av dei sju naturlege underverka i Ukraina.[3] Ho er ein av dei mest vitja grottene i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. juli 2018, henta 4. september 2012 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. juli 2018, henta 4. september 2012 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 11. mai 2013, henta 4. september 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

44°47′49″N 34°16′43″E / 44.79694°N 34.27861°E / 44.79694; 34.27861