Maroúsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maroúsi
Lokalt namn Μαρούσι

Kyrkja Ájos Kosmás i Maroúsi
Geografi
Stad Aten
Koordinatar 38°03′N 23°48′EKoordinatar: 38°03′N 23°48′E
Areal 13,09 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Nord-Aten
Hovudsete Maroúsi (72 333 innb.)
Demografi
Folketal 72 333 (2011[1])
Folketettleik 5590,7 /km²

Maroúsi (gresk skrift Μαρούσι, katharevousa Αμαρούσιον, Amarousion) er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]

I Maroúsi ligg det største sportskomplekset i Hellas. TV-stasjonen ANT1 ligg òg her, i tillegg til hovudkontora til greske underavdelingar av multinasjonale selskap som Kodak, Bayer, Kimberly-Clark, Siemens og Nestlé.

I antikken vart byen kalla Athmonon, og var ein av ti atenske underbyar. Det låg eit tempel her der gudinna Amarysia Artemis vart dyrka. Det moderne namnet på byen er kalla opp etter henne. I Maroúsi ligg òg den største skogen i Aten, Dásos Syngroú. Resten av området er bustad- og kontorbygningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]