Marokko i Eurovision Song Contest 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Marokko debuterte i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland med songen «Bitakat Hob», framførd på arabisk av Samira Bensaïd. Songen er skriven av 'Abd Al-'Atī Amyna og Malw Rawan. Bidraget vart valt internt av kringkastaren Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision (SNRT).

Songen starta som nummer fem i finalen etter Luxembourg med «Papa pingouin» av Sophie & Magaly og før Italia med «Non so che darei» av Alan Sorrenti. Bidraget fekk sju poeng frå Italia og enda på 18. plass av totalt 19 bidrag. Det er den fyrste og førebels einaste gongen Marokko, og eit arabisk land, har delteke i tevlinga.

Land Marokko gav poeng til[endre | endre wikiteksten]

12 poeng Tyrkia
10 poeng Vest-Tyskland
8 poeng Storbritannia
7 poeng Sveits
6 poeng Sverige
5 poeng Spania
4 poeng Noreg
3 poeng Austerrike
2 poeng Danmark
1 poeng Frankrike

Land Marokko fekk poeng frå[endre | endre wikiteksten]

12 poeng
10 poeng
8 poeng
7 poeng Italia
6 poeng
5 poeng
4 poeng
3 poeng
2 poeng
1 poeng

Kjelder[endre | endre wikiteksten]