Maroon Town på Jamaica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 18°19′48″N 77°49′5″W

Maroon Town på Jamaica
busetnad
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Fylke Saint James Parish
Folketal 3 122 (2009)

Maroon Town, Jamaica
18°19′48″ N 77°49′5″ W

Maroon Town er ein busetnad på Jamaica. Han hadde ein folkesetnad på 3122 i 2009.[1] Han ligg i Cockpit Country, som ligg i fylka St. James, St. Elizabeth og Trelawny. Sjølve busetnaden ligg i St. James, nær grensa til Westmoreland Parish,[2] rundt 20 km sørvest for Montego Bay.[3] Han heitte først Cudjoe's Town, etter leiaren Cudjoe, og seinare Trelawny Town.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maroon Town var opphavleg folkesett av rømde slavar som blei til den jamaicanske folkegruppa maroonar. Ei stor gruppe akanfolk rømde frå slaveriet på Sutton's Estate sørvest på Jamaica i 1690, og busette seg i det indre av øya, i Cockpit Country.[4] Denne vestlege gruppa maroonar blei kalla Leeward Maroons.

Den første leiaren av gruppa skal ha vore ein mann kalla Naquan.[5] Den andre leiaren, Cudjoe, skal ha vore sonen hans, og spelte ei viktig rolle i den første maroonkrigen i 1730-åra.[5] Cudjoe og maroonane frå Cudjoe's Town gjekk med på ein fredsavtale med guvernør Edward Trelawny i 1739. Kolonistyresmaktene omtalte deretter byen som Trelawny Town.[6] Etterkvart gjekk også maroonane over til det nye namnet.

I andre halvdel av 1700-talet hadde innbyggjarane i Trelawny Town og plantasjeeigarar rundt dei fleire eigedomstvistar. Den lokale styresmakta, House of Assembly, tok sida til plantasjeeigarane i desse konfliktane, og spenninga som følgde førte til utbrotet av den andre maroonkrigen i 1795.[7] Så lenge Trelawny Town var leia av dei kvite oppsynsmennene John James og sonen hans John Montague James klarte dei å avverga vidare utvikling av konfliktene, men etter at styresmakta avsette James-familien og utnemnde den uerfarne Thomas Craskell til oppsynsmann i staden, tok maroon-leiaren Montague James kontroll over Trelawny Town og avsette Craskell.[8]

Den andre maroonkrigen braut ut etter at ein magistrat i Montego Bay hadde gjeve ordre om at to maroonar frå Trelawny Town skulle piskast av slavar for å ha stolre to grisar. Dette gjorde folka i Trelawny Town rasande, og førte til at Montague James avsette Craskell, gjorde krav på meir land og at venen hans John James skulle bli oppsynsmann att.[9] I dei første to vekene av konflikten drap maroonane frå Trelawny Town 65 britiske soldatar, utan at dei sjølv skal ha hatt nokre tap av liv. Ein britisk general klaga seinare over at kolonistyresmaktene berre hadde drepe 32 maroonar og allierte av dei. Historisk forsking tyder på at dei berre klarte drepa rundt 16 folk frå Trelawny Town. Maroonkrigarane raserte også mange sukkerplantasjar på Vest-Jamaica.[10] Maroonane klarte likevel ikkje å oppretthalda geriljakrigen sin i tørkemånadane, og gjekk til slutt med på forhandlingar.[11][12] Oberst George Walpole lova maroonane at dei ikkje ville bli sende vekk frå øya om dei la ned våpna sine, og dei gjekk med på dette. Men guvernør Alexander Lindsay brukte eit smutthol til å gå tilbake på løftet, og fekk litt under 600 maroonar frå Trelawny Town sende til Nova Scotia, der dei blei del av gruppa Black Nova Scotians.[13][14] Mange av dei drog i 1800 til Afrika og skipa busetnaden Maroon Town i Sierra Leone.[15][16]

Så mange som 58 maroonar frå Trelawny Town kom seg unna. Dei blei verande på Jamaica, nokre i nabobusetnaden Accompong, andre slo seg saman med andre frie svarte. Den andre maroonkrigen hadde vore kostbar for kolonistyresmaktene, og i eit forsøk på å dekka nokre av kostnadane selde Jamaica Assembly mesteparten av dei 1 500 acre (6,1 km2) som hadde tilhøyrt Trelawny Town på auksjon.[17]

Busetnaden deira blei staden omdøypt til Maroon Town, sjølv om han ikkje hadde maroon-innbyggjarar meir,[18] og brukt til militærbrakker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jamaica: largest cities and towns and statistics of their population». World Gazetteer. Arkivert frå originalen 5. desember 2012. Henta 21. desember 2009. 
  2. Bev Carey, The Maroon Story: The Authentic and Original History of the Maroons in the History of Jamaica 1490-1880 (Kingston, Jamaica: Agouti Press, 1997), pp. 413-423.
  3. Google Maps
  4. C.V. Black, History of Jamaica (London: Collins, 1975), p. 84.
  5. 5,0 5,1 Milton 1977, s. 24.
  6. Campbell 1988, s. 88-118.
  7. Siva 2018, s. 126-7.
  8. Siva 2018, s. 129-132.
  9. Richard Hart, Slaves Who Abolished Slavery: Blacks in Rebellion (Kingston, Jamaica: University of the West Indies Press, 2002), pp. 159, 165-7.
  10. Siva 2018, s. 144-7.
  11. Campbell 1988, s. 229.
  12. Siva 2018, s. 148-9.
  13. Campbell 1988, s. 230-242.
  14. Siva 2018, s. 145-151.
  15. Journal of the Royal Anthropological Institute of Great Britain and Ireland. 1887. s. 301. 
  16. «Jamaica-Sierra Leone ties strong». The Gleaner. 29. oktober 2014. 
  17. Siva 2018, s. 152-5.
  18. Elizabeth Slack. «Maroon Town Jamaica». JamaicanCaves.Org. 
Bibliografi
  • Campbell, Mavis (1988), The Maroons of Jamaica 1655-1796: a History of Resistance, Collaboration & Betrayal, Massachusetts: Bergin & Garvey 
  • McFarlane, Milton (1977), Cudjoe the Maroon, London: Allison & Busby 
  • Siva, Michael (2018), After the Treaties: A Social, Economic and Demographic History of Maroon Society in Jamaica, 1739-1842, Southampton: Southampton University  Den ukjende parameteren |comment= vart ignorert (hjelp)