Marry Áilonieida Somby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marry Áilonieida Somby
MarrySomby.jpg
Fødd 31. juli 1953 (68 år)
Tana
Yrke forfattar

Marry Ailonieida Somby eller Marry Aslaksdatter Somby (fødd 31. juli 1953) er ein norsk samisk forfattar, teaterarbeidar og biletkunstnar, fødd i Sirma (Sirbmá) i Tana og busett i Tromsø.

Somby debuterte i 1976 med Ámmul ja alit oarbmælli, som var den første barneboka skriven på samisk.[1] Boka kom på norsk året etter med tittelen Ammul og den blå kusinen. Samiske myter og folketru er sentrale tema i barnebøkene hennar, som har kome ut både på norsk og nordsamisk. I tillegg til barnebøker har Somby også skrive prosa og poesi for vaksne, og ho har laga fleire teaterstykke. Ho var tidleg oppteken av det globale urfolksperspektivet og budde i fleire år blant urfolk i Nord-Amerika. Ein kan sjå påverknaden frå dette opphaldet i fleire av verka hennar.

Somby var ein av initiativtakarane til å stifta Samisk forfatterforening i 1979.[2]

Somby og illustratøren Biret Máret Hætta blei nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for det samiske språkområdet i 2016 for boka Čerbmen Bizi – Girdipilohtta (2013). Boka blei omsett til norsk av Somby med tittelen Reinkalven Lille Bizi – den flygende pilot (2014).[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Ráiddostallan (1983) / Raiden går (1993)
  • Solens datter : et samisk eventyr / Beaivvas nieida (1990) (også svensk utgave)
  • Uhcastáloš (1993)
  • Guovžža gazza ; ja Guovssahasa lávlla (1993)
  • Krigeren, elskeren og klovnen = Mu apache ràhkesvuohta (1994), dikt, samisk og parallelltekst
  • Ráhkisvuoða soahki. Beaivváš sámi teáhter , 1996
  • Samisk skyggespill. Med Anne Helgesen. Dukketeatermanus, 1998
  • Okto = Alene; et drama om John Andreas Savio. Beaivváš sámi teáhter , 2002
  • Bajándávgi (2004)
  • Onkel Gunnar koker saus (2012)
  • Čerbmen Bizi : girdipilohtta (2013)
  • Stáinnak : mánaid/nuoraidromána (2016)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martina Pfeiler (2003). Sounds of Poetry: Contemporary American Performance Poets. s. 33. ISBN 9783823346647. 
  2. 2,0 2,1 Skåden, Sigbjørn (17. mars 2017). «Marry Áilonieida Somby». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]