Mars Polaris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mars Polaris
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 1999
Innspelt Januar 1999, Eastgate Studios (Wien) og Mariner Studios (California)
Sjanger New Age
Lengd 71:03
Selskap TDI
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
What a Blast
(1999)
Mars Polaris Great Wall of China
(1999)


Mars Polaris - Deep Space Highway To Red Rocks Pavilion er det 68. albumet og det 28. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i juni 1999. Det vart gjeve ut på ny i 2009.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ideen til dette studioalbumet var Mars Polar Lander-oppdraget til NASA. Musikken vart først framført på ein enkelt konsert på KlangArt-festivalen i Osnabrück i Tyskland den 12. juni 1999. Albumet vart annonsert som eit «original motion picture space reality soundtrack», men var ikkje eit filmmusikkalbum. Albumet inneheld ti spor inspirert av reisa til Mars Polar Lander til Mars.[1] Denne vart sendt opp 3. januar 1999 og skulle ha nådd fram til Mars 3. desember 1999, men gjekk tapt i ei ulukke.

Musikalsk følgjer bandet stilen dei hadde basert seg på mot slutten av 1990-åra på album som Transsiberia og What a Blast, men her hadde dei òg nye lydar. Tangerine Dream gjekk attende til å spele lange spor på dette albumet og fire av ti spor er kring ti minuttar lange kvar.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ein alternativ versjon, med undertittelen Original Motion Picture Space Reality, som har ei heilt anna psorliste som består av songar frå den offisielle utgjevinga og det komande albumet Great Wall of China. Sporet «Dies Martis (TransMercury)» er ikkje den same versjonen som på det offisielle albumet, og spora som vart ein del av Great Wall of China har andre titlar her.[1]

Denne utgåva vart gjeven ut på ny då nettbutikken til Tangerine Dream vart lansert seint i 2006, då under tittelen Mars Mission Counter. Denne utgåva har alle dei same spora som den alternative versjonen, men med songane i ei anna rekkjefølgje.[1]

I mars 2009 kom både Mars Polaris og Mars Mission Counter ut på ny med nye omslag. Førstnemnde vart trykt feil på CD og inneheld akkurat dei same spora som Mars Mission Counter, sjølv om plateomslaget indikerer at det er Mars Polaris.[1]

Alle spora på albumet finst på konsertalbumet Rocking Mars, som kom ut i 2005 med fire ekstra spor. Det vart spelt inn i Stadthalle i Osnabrück.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Comet's Figure Head»Jerome Froese10:02
2.«Rim of Schiaparelli»Edgar Froese6:15
3.«Pilots of the Ether Belt»Jerome Froese10:15
4.«Deep Space Cruiser»Edgar Froese4:42
5.«Outland (The Colony)»Jerome Froese9:15
6.«Spiral Star Date (Level P)»Edgar Froese6:13
7.«Mars Mission Counter»Edgar Froese5:45
8.«Astrophobia»Jerome Froese9:57
9.«Tharsis Maneuver»Edgar Froese4:31
10.«Dies Martis (TransMercury)»Edgar Froese4:00
Alternativ versjon
Nr.TittelLengd
1.«Marte Vallis»6:14
2.«Rim Of Schiaparelli»6:16
3.«Dies Martis (TransMercury)» (alternativ versjon)4:00
4.«The Red Gate»4:12
5.«Helium County»5:44
6.«Tharsis Maneuver»4:32
7.«Elysium Basin»4:32
8.«Spiral Star Date (Level ♇)»6:13
9.«Mars Mission Counter»5:45
10.«Deep Space Cruiser»4:43
11.«The Silent Rock»7:23
Mars Mission Counter
Nr.TittelLengd
1.«Deep Space Cruiser»4:43
2.«Elysium Basin»4:32
3.«Mars Mission Counter»5:45
4.«Marte Vallis»6:14
5.«Rim Of Schiaparelli»6:16
6.«The Red Gate»4:12
7.«The Silent Rock»7:23
8.«Tharsis Maneuver»4:32
9.«Spiral Stardate»6:13
10.«Dies Martis» (alternativ versjon)4:00
11.«Helium County»5:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Berling, Michael. «Mars Polaris». Voices in the Net. Henta 10. april 2013. 
  2. Berling, Michael. «Rocking Mars». Voices in the Net. Henta 10. april 2013.