Marsden Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marsden Point med oljeraffineriet.

Marsden Point er eit nes i Whangarei Harbour, nær WhangareiNew Zealand, nær nordspissen til havbukta Bream Bay. Det er også eit større industriområde der det einaste oljeraffineriet i landet, Marsden Point Oil Refinery ligg.[1] To store, nedlagde kraftverk, Marsden A og Marsden B, ligg også her.

Plan om jarnvegsutbygging[endre | endre wikiteksten]

Heilt frå 1970-åra har det kome framlegg om å byggja ei sidelinje, Marsden Point Branch, frå jarnvegslinja North Auckland Line for å yta transporttenester til verksemdene i Marsden Point-området, så vel som til ei djupvasshamn det er framlegg om å byggja.[2] No i 2007, er arbeidet med å sikra byggjegrunn for ei linje i gang.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marsden Point (frå Te Ara Encyclopedia of New Zealand)
  2. Railways of New Zealand: A Journey Through History - Churchman, Geoffrey B. & Hurst, Tony; HarperCollins Auckland, 1991, side 100
  3. Forhandlingar om byggjegrunn for sidelinje er i gang - Northland Regional Council heimeside, 9. september 2007. Vitja 27. november 2007
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.