Marshall Sahlins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marshall Sahlins i 2003

Marshall David Sahlins (fødd 27. desember 1930) er ein framståande US-amerikansk antropolog.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sahlins er fødd i Chicago i Illinois, og fekk både ein bachelorgrad og mastergrad ved University of Michigan, der han studerte med Leslie White. Han tok doktorgraden ved Columbia University i 1954, der han mottok avgjerande intellektuell påverknad frå Karl Polanyi og Julian Steward. Deretter vende han tilbake til University of Michigan for å undervise. I 1960 vart han politisk aktiv, var seinare mellom dei som protesterte mot Vietnamkrigen. Han underteikna i 1968 eit opprop der forfattarar og redaktørar nekta betale skatt i protest mot Vietnamkrigen. På slutten av 1960-talet arbeidde han to år i Paris, der han kom i nærkontakt med fransk intellektuelt liv, fremst arbeidet til Claude Lévi-Strauss, og studentprotestane i mai 1968. I 1973 flytta han til University of Chicago, der han var professor i antropologi.

Sahlins har i sitt arbeid lagt vekt på å synleggjere samfunnskulturen si makt til å forme folks oppfatningar og handlingar. Han har vore særleg opptatt av å vise at kultur har ei unik makt til å motivere folk, ei kraft som ikkje er biologisk i sitt opphav. Dei tidlege arbeida hans var ein kritikk av ideen om det 'økonomisk-rasjonelle mennesket', og søkte å vise at økonomiske system er tilpassa særlege omstende ordna på kulturelt bestemte måtar. Etter utgjevinga av Kultur og praktisk fornuft i 1976 flytta han merksemda mot tilhøvet mellom historie og antropologi, og måten ulike kulturar forstår og lagar historie. Sjølv om han har vore oppteken av heile Stillehavsområdet, har Sahlins gjort dei fleste av feltarbeida sine på Fiji og Hawaii.

I Evolution and Culture frå 1960 handsama Sahlins felta kulturell utvikling og nyevolusjonisme. Han delte utviklinga av samfunn i 'generelle' og 'spesielle'. Den generelle utviklinga er tendensen i kulturelle og sosiale system til å auke i kompleksitet, organisering og tilpassing til miljøet. Men sidan ulike kulturar ikkje er isolerte, går det føre seg både eit samspel mellom ulike samfunn og ei spreiing av enkelte kvalitetar i eitt samfunn, til dømes teknologiske oppfinningar. Dette fører til at kulturar utviklar seg på ulike måtar (spesifikk evolusjon), der ulike element er innført i ulike kombinasjonar og på forskjellige stadium av utviklinga til ulike kulturar.

På slutten av 1990-talet vart Sahlins involvert i ein kvass debatt med Gananath Obeyesekere om detaljane kring James Cook sin død på Hawaii i 1779. Kjernen i debatten var korleis forstå rasjonaliteten hos urfolk. Obeyesekere insisterte på at urfolk tenkte i hovudsak på same måten som Vesten, og var uroleg for kvart einaste argument som ville skildre dei som "irrasjonelle" og "usiviliserte". Sahlins derimot, var kritisk til vestlege tankar og hevda at innfødde kulturar skilde seg frå dei frå Vesten.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Social Stratification in Polynesia (1958)
  • Evolution and Culture (red., 1960)
  • Moala: Culture and Nature on a Fijian Island (1962)
  • Tribesmen (1968)
  • Stone Age Economics (1974: ISBN 0422745308)
  • The Use and Abuse of Biology (1976: ISBN 0472087770)
  • Culture and Practical Reason University of Chicago Press (1976: ISBN 0226733599)
  • Historical Metaphors and Mythical Realities (1981: ISBN 0472027212)
  • Islands of History (1985: ISBN 0226733572)
  • Anahulu: The Anthropology of History in the Kingdom of Hawaii (1992: ISBN 0226733637)
  • How "Natives" Think: About Captain Cook, for Example University of Chicago Press (1995: ISBN 0-226-73368-8)
  • Waiting For Foucault (1999: ISBN 1891754114)
  • Culture in Practice (2000: ISBN 094229937X)
  • Apologies to Thucydides: Understanding History as Culture and Vice Versa University of Chicago Press (2004: ISBN 0226734005)
  • The Western Illusion of Human Nature (2008: ISBN 13-9780979405723)