Marsmånen Fobos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fobos
Fobos fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter
Oppdaging[1]
Oppdaga avAsaph Hall
Oppdagingsdato18. august 1877
Baneskildring[2]
Periapsis9 234 km
Apoapsis9 518 km
9 376 km
Eksentrisitet0,0151
0,3189 dagar
7 696,7 km/t
Banehelling1,075°
Satellitt avMars
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar13.4 × 11.2 × 9.2 km[2]
Snittdiameter
22,2 km[2]
Flattrykking0,31-0,12
1 548,30 km²[2]
Volum5 729 km³[2]
Masse1,0659 × 1016 kg[2]
1,872 g/cm³[2]
0,0057 m/s²[2]
41 km/t[2]
bunden[2]
Ekvatorial rotasjonsfart
11,0 km/t (ved tuppen av den lengste aksen)
Albedo0,07 (synleg geometrisk)[3]
Temperatur~313 K

Fobos eller Phobos er den største av to marsmånar (den andre er Deimos). Han er namnsett etter den greske guden Fobos, son av Ares (Mars). Fobos krinsar med ein avstand på omtrent 9377 km over overflata til Mars og er med det den månen som krinsar nærast planeten sin. Fobos blei oppdaga av den amerikanske astronomen Asaph Hall den 18. august 1877 ifrå US Naval Observatory i Washington, D.C.

Fobos har ei omløpstid på 0,319 dagar og er den einaste kjende naturlege månen som har kortare omlaupstid enn rotasjonstida for den planeten han flyttar seg rundt. Sett frå Mars vil han stå opp i vest og gå ned i aust.

Fobos er sterkt flattrykt med ein poldiameter på 18 km og ein ekvatordiameter på 22 km. Albedoen er særs låg, 0,065. Det første nærbiletet av månen vart teke 5. august 1969 av romsonden Mariner 7 frå ein avstand på 130 900 km.

Fobos over randa til Mars fotografert av Mars Express

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 Phobos: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
  3. Mars Fact Sheet - NSSDC

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marsmånen Fobos
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.