Martín Fiz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martín Fiz

Martin Fiz recibiendo la distición Lan Onari 01.jpg

Statsborgarskap Spania
Fødd 3. mars 1963
Vitoria-Gasteiz
Idrett friidrett
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar

Martín Fiz Martín (fødd 3. mars 1963) er ein spansk tidlegare langdistanseløpar frå Vitoria-Gasteiz som i 1994 vart europameister i maratonløping og året etter vart verdsmeister på same distansen.

Fiz tok gullmedaljen på maraton under EM 1994 i Helsinki, og fekk med seg to landsmenn på sigerspallen. Våren etter sigra han i Rotterdam maraton, før han i august vann gullet då VM 1995 fann stad i Göteborg.

Under dei olympiske leikane i Atlanta sommaren 1996 vart Fiz nummer fire på maratondistansen, godt over halvminuttet bak dei tre som kjempa om medaljane til heilt inn på OL-stadion. Året etter tok han sølvmedaljen i maraton ved verdsmeisterskapen 1997 i Aten, fem små sekundar bak landsmannen Abel Antón.

Martín Fiz

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]