Marta Marie Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marta Marie Nielsen
Marta Nielsen.jpg
Fødd26. mars 1881
Oslo
Død15. juni 1948
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Marta Marie Nielsen (fødd 26. mars 1881 i Kristiania, daud 15. juni 1948) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var stortingsrepresentant frå Akershus i perioden 1937–1945. Ho var då medlem i helsekomiteen.

Nielsen tok høgare lærarprøve ved Holmestrand offentlege lærarskule i 1906 og studerte vidare ved Statens Lærerhøjskole i København i 1907–1908. Ho arbeidde ved ulike skular i Bærum og Ringsaker og frå 1914 ved Snaøya skolе i Bærum. Herfrå fekk ho avskjed 26. mars 1941.

Nielsen var medlem av Bærum herredsstyre 1922–1925 og 1931–1937.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]