Marta Onstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marta Onstad
Fødd 1860
Død

1935

Marta Davidsdotter Onstad (fødd 1860 i Aurland, daud 1935 i Amerika) var ei norsk-amerikansk kvinne frå Aurland. Namnet hennar er knytt til Vosseforma av springaren Jarand Skinnarland.

Marta Onstad var ein god dansar i unge år, og namnet hennar vart fest til slåtten etter ei tevling på Lærdalsøyri i 1883. Ho dansa med Per Skaheim, og spelemannen Sjur Helgeland skulle spela. Marta ville helst danse til ein særskild springar, og tralla den slåtten som seinare fekk namn etter ho. Helgeland bygde slåtten meir ut seinare og kalla han opp etter henne. Ola Mosafinn lærde slåtten av Sjur, og slåtten vart skriven ned etter Ola i 1908.

Seinare same året, 1883, reiste Marta Onstad til Amerika. Det er fortald at Sjur tok avskil på bryggja i Bergen, og ho tralla same slåtten medan ho gret. Marta levde ugift i Amerika til ho miste livet i ei ulukke i 1935.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]