Marte Eliasson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marte Eliasson
Fødd 27. september 1969
Trondheim

Marte Eliasson (fødd 27. september 1969) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Kantspelaren vann OL-sølv 1988 og bronsemedalje i VM 1993 og EM 1994. Eliasson spelte dei fyrste ungdomsåra på Utleira, sidan var ho aktiv på norsk toppnivå i Sverresborg IF og i Sjetne IL.

Eliasson fekk sin landslagsdebut 7. august 1987 då Noreg møtte Vest-Tyskland. Året etter var ho med å vinne sølv under Sommar-OL 1988 i Seoul. Ho deltok i Handball-VM 1990, men måtte sjå Sommar-OL 1992 heimafrå. Under Handball-VM 1993 på norsk heimebane skåra ho to mål då Noreg vann 20-19 over Romania i bronsefinalen. Eitt år seinare stod ho for tre nettkjenningar då Noreg sikra ein ny bronsemedalje med 24-19 mot Ungarn i Handball-EM 1994, hennar siste kamp i landslagsdrakta. Eliasson spelte 145 landskampar og skåra 179 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Sommar-OL 1988: Sølvmedalje
  • Handball-VM 1990: Nr 6 etter 19-23 mot Austerrike
  • Handball-VM 1993: Bronsemedalje etter 20-19 mot Romania
  • Handball-EM 1994: Bronsemedalje etter 24-19 mot Ungarn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]