Marte Mjøs Persen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marte Mjøs Persen
Marte Mjøs Persen.jpg
Fødd24. april 1975 (46 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
VervNorsk olje- og energiminister 2021-
FøregangarTina Bru
VervOrdførar i Bergen 2015–2021
FøregangarTrude Drevland
EtterfylgjarRune Bakervik

Marte Mjøs Persen (fødd 24. april 1975) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som er olje- og energiminister i Jonas Gahr Støre si regjering frå 2021. Ho var ordførar i Bergen kommune frå 2015 til 2021.[1][2]

Persen studerte litteraturvitskap og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Ho har mellom anna jobba som organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund i Hordaland, og vore fylkessekretær i Nei til EU.

Persen var nestleiar i Raud Valallianse frå 2003 til 2006 og representerte valalliansen i Bergen bystyre i perioden 2003-07. Perioden 2007-11 var ho til vararepresentant til bystyret, der ho vore mest oppteken med miljø og byutvikling. Elles har ho engasjert seg i kvinnesaksspørsmål, var mellom anna kvinnepolitisk talsmann for RV.[3] Persen braut med Raud Valallianse i februar 2008, då RV slo seg saman med AKP og grunnla partiet Raudt,[4] og gjekk inn i Arbeidarpartiet 1. mai 2008.

Perioden 2011-15 var ho leiar av helse- og sosialkomiteen i Bergen. I oktober 2015 vart ho vald til ordførar i Bergen, ein byrådsstyrt kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Marte Mjøs Persen (Ap) er Trude Drevlands etterfølger». Aftenposten. 14. oktober 2015. Henta 15. oktober 2015. 
  2. «Trillingmor fra Flaktveit blir byens nye ordfører». Bergensavisen. 14. oktober 2015. Henta 15. oktober 2015. 
  3. Eilertsen, Ingvild T. (9. mars 2004), «Kvinnenes kamprop», Rana Blad (på norsk), henta 15. oktober 2021 
  4. Artikkel i Bergens Tidende[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]