Marte Movik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marte Movik

Fødd 1814
Førde
Død

1905 (91 år)

Marte Movik (18141905) var ei husmannskone i Movika i Førde som tok jobb som amme i Bergen. Kompetansen og erfaringane frå byen tok Marte med seg heim til Sunnfjord og ho vart på mange måtar ein innovatør i lokalsamfunnet, både blant husmannsfolk og på futegarden Bruland.

Movika[endre | endre wikiteksten]

Husmannsplass

Marte gifta seg med husmannssonen Nils i Movika i 1844. Sunnfjord Museum held i dag til på denne gamle husmannsplassen. Same året som dei gifta seg fekk Marte og Nils to feste på plassen, men armoda var stor og dei trong midlar utover bytearbeid og naturalia, og meir enn dei kunne skaffe frå vintersildfiske og leigearbeid. Løysinga på dette var at Marte flytta til Bergen og tok jobb som amme for rikmannsborn.

Ammer frå Sunnfjord[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet var det ikkje uvanleg at unge, fattige kvinner frå Sunnfjord drog til Bergen for å jobbe som ammer. Det var to ulike former for ammer: våtammer og tørrammer. Våtammene jobba i heimar der mora sjølv ikkje ville eller kunne amma borna sine. Tørrammene var barnepiker for større born.

Sosiologen Eilert Sundt skreiv på denne tida om ammene i Bergen: "Hvor man ser sig om på byens gader, ser man disse Søndfjords-ammer med småbørn på armene; jeg synes jeg kjender dem – ikke alene på de sorte huer med fine hvide kanter, men også på deres stilfærdige og troværdige væsen."[1] Kunstnaren Johan F. L. Dreier, "Tolbod Alminding", illustrerer Tollbodalmenningen i Bergen i 1830-åra, og her er også dei sunnfjordske ammene eit sentralt motiv.[2]

Marte Movik reiste til Bergen då sonen Kristian vart fødd og fekk jobb som våtamme hjå ein borgarfamile. Seinare heldt ho fram som tørramme hjå den same familien og vart i Bergen i 11 år.

Potteplantar i glaskarmen[endre | endre wikiteksten]

Interiør

Marte tok med seg mykje av det ho lærte i byen heim til Sunnfjord. Ho kjøpte også med seg heim saker som ingen før hadde sett i bygda, som til dømes ein gulldekorert kaffikopp. Det vert sagt at Marte var den første i bygda som hadde potteplantar i glaskarmen. Dei lærte også at dei skulle vaske golva, noko som var uvanleg i husmannsstover på den tida.[3]

Mykje av det Marte hadde lært i byen kom til nytte når futegarden Bruland arrangerte fine selskap og store festar. Marte jobba for og vart godt kjend med futen si kone, Randi Blehr og niesa hennar, pianisten og forfattarinna Dagny Juel.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eilert Sundt (1866) Om Sedeligheds-Tilstanden i Norge – Tredie Beretning, arkivert frå originalen 23. oktober 2013, henta 22. oktober 2013 
  2. Galleri: Sunnfjordske ammer på Tollbodalmenningen i Bergen i 1830-åra. Illustrasjon: Johan F. L. Dreier/Universitetsbiblioteket i Bergen, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 22. oktober 2013 
  3. NRK Sogn og Fjordane, Fylkesleksikon: Ammene frå Sunnfjord

Kjelder[endre | endre wikiteksten]