Martellotårn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit Martellotårn i Balbriggan i Irland

Martellotårn er små forsvarstårn bygd i fleire land av Det britiske imperiet1800-talet frå tida rundt Napoleonskrigane og utover. Dei er opp mot 12 meter høge med to etasjar og hadde ofte ein garnison med ein offiser og 25 mann. Den runde strukturen og dei tjukke murane av solid murarbeid gjorde dei svært motstandsdyktige mot kanoneld, medan høgda deira gjorde dei til ideelle stader for artilleri som vart montert på det flate taket og kunne snurrast 360º rundt. Rundt eit fåtal Martellotårn vart det bygd vollgraver som ekstra vern. Dei vart nytta gjennom heile 1800-talet men vart forelda då ein fekk kraftigare artilleri. Mange tårn står framleis i dag og vert ofte bevart som historiske monument.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]