Martha’s Vineyard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martha’s Vineyard
øy
Gay Head cliffs MV.JPG
Land Flag of the United States.svg USA
Del av Elizabeth Islands

Martha’s Vineyard
41°24′0″ N 70°37′0″ W
Wikimedia Commons: Martha's Vineyard
Kart over Martha's Vineyard.

Martha's Vineyard er ei 231,75 km² stor øy ved sørkysten av Cape Cod i Massachusetts. Øya har ein fast folkesetnad på 15 000 og utgjer det meste av Dukes County (resten av fylket består av Elizabeth Islands og Nomans Land). Øya er den tredje største på austkysten av USA, og den største som ikkje har landfast samband. Ho er berre tilgjengeleg via fly eller båt/ferje.

Øya var heim for eit av dei første kjende samfunna av døve, og er kjend for eit heilt spesielt teiknspråk som var med å legga grunnlaget for amerikansk teiknspråk. Øya er no primært kjend som ein sommarkoloni, sjølv om heilårsbefolkninga har auka ein god del sidan 1960-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Martha’s Vineyard
Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Martha's Vineyard frå Wikivoyage