Marthinius Skøien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marthinius Skøien
Marthinius Skøien - Borgen.jpg
Fødd 1849
Død

3. mars 1916

Yrke fotograf
Marthinius Skøien på Commons

Marthinius Skøien (fødd 1849Gran på Hadeland, død 3. mars 1916 i Vestre Aker) var ein norsk fotograf.

Norangsdalen fotografert av Skøien 1880-1910

Skøien reiste tidleg til Christiania for å læra om fotografering. Han fotograferte i Christiania med skiftande adresser og var òg ofte i Lofthus i Hardanger. I 1896 køpte han ein eigedom ved Adamstuen i Ullevålsveien og kalla staden for «Skøienlund». På Skøienlund bygde han eit stort atelier og her utførde han alt fremkallingsarbeidet sjølv. Skøien fekk premiar på utstillingar i inn- og utland. Han fotograferte ein serie landskapsbilete på minst 234 motiv som vart selt gjennom bokhandlerne og var berekna på turistar. Skøien var den fyrste som anla eit lystrykkeri i Noreg. Han må ha fotografert vekselsvis i Christiania og Lofthus, det finst daterte bilete frå Lofthus frå 1883. Han overtok òg B. Schrøders plater frå Lofthus. I 1971 vart platene redda av Josef Lutro, som fann dem hos den skomakeren Skøien hadde losjert hos, og fekk dem plassert i Hardanger Folkemuseum i Utne. Den yngste dottera, Joron Margaretha vart buande på Adamstuen som gift. Ho tok hand om alt Skøiens utstyr og alle glasplatene. I 1955 gav ho platene til Riksantikvaren og sjølve fotoutstyret til Norsk Folkemuseum. Marthinius Skøien er òg representert i billedsamlingen ved Norsk Maritimt Museum og Nasjonalbiblioteket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bonga, Susanne: Eldre norske fotografar, 1980
  • Erlandsen, Roger: «Pas no paa! No tek eg frå holet!», 2000, ISBN 82-91780-02-1
  • Hamrar, Trond B.: Landskapsfotograf Marthinius Skøien, Årbok for Valdres, 1986
  • Larsen, Peter og Sigrid Lien: Norsk fotohistorie, 2007
  • Meyer, Robert: Den glemte tradisjonen. Utstillingskatalog, Oslo Kunstnerforening, 1989

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]