Martin Ødegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Ødegaard
Personleg informasjon
Fullt namn Martin Ødegaard
Fødd 17. desember 1998
Fødestad Drammen
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Real Madrid
Ungdomsklubbar
–2009 Drammen Strong
2009–2014 Strømsgodset
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2014–2015 Strømsgodset (5)
2015– Real Madrid 1 (0)
2015–2017 Castilla 62 (5)
2017–2018 → Heerenveen (lån) 38 (3)
2018–2019 → Vitesse (lån) 31 (8)
2019–2020 → Real Sociedad (lån) 31 (4)
Landslag
2013 Noreg U15 2 (0)
2013 Noreg U16 2 3 (0)
2013 Noreg U16 3 (0)
2014 Noreg U17 4 (0)
2014– Noreg U21 18 (5)
2015– Noreg 22 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. juli 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 15. oktober 2019[1]

Martin Ødegaard (fødd 17. desember 1998) er ein norsk fotballspelar for den spanske klubben Real Madrid CF. Han har spelt for det norske herrelandslaget i fotball som den yngste nokonsinne (15 år). Ødegaard mottok Gullballen som Noregs beste mannlege fotballspelar for 2019.

Han har kontrakt med Real Madrid, og var på utlån hos Real Sociedad i 2019/20-sesongen.[2][3]

Ødegaard spelte i 2014-sesongen på Strømsgodset Idrettsforening i norsk eliteserie. I januar 2015 vart han overført til den spanske storklubben Real Madrid, der han var med i ein seriekamp på tampen av 2014/15-sesongen. Elles har han pr april 2016 spelt på tredjenivå-laget Real Madrid Castilla, som er B-laget til Real Madrid.

Martin Ødegaard er son til den tidlegare fotballspelaren Hans Erik Ødegaard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Martin Ødegaards profil». Norges Fotballforbund. 3. desember 2015. Henta 3. desember 2015. 
  2. Real Sociedad bekrefter: Martin Ødegaard returnerer til Real Madrid (12. august 2020) Vg.no.
  3. Ødeaard ikke med Real Sociedad. Vg.no. Vitja 12. august 2020.
Spire Denne fotballartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.