Martin Andersen Nexø
| Martin Andersen Nexø | |
| Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
| Fødd | 26. juni 1869 København |
| Død |
1. juni 1954 (84 år) |
| Yrke | journalist, skribent, sjølvbiograf |
| Politisk parti | Danmarks Kommunistiske Parti |
| Ektefelle | Johanna Andersen-Nexö |
| Prisar | DDRs nasjonalpris |
| Martin Andersen Nexø på Commons | |
Martin Andersen Nexø (fødd 26. juni 1869 i København, daud 1. juni 1954 i Dresden) var ein dansk forfattar.
Som sjuåring flytta han med familien til Bornholm. Barndomsheimen i Nexø er i dag eit museum. Han la namnet Nexø til etternamnet.

Martin Andersen Nexø var i levetida si kanskje meir anerkjent utanfor Danmarks grenser, i det bøkene hans om fattige og undertrykte menneske vart mykje lesne i Tyskland og Sovjetunionen.
Han var ikkje berre forfattar, han deltok aktivt i politikk, først som sosialdemokrat og frå 1918 som kommunist. Seint i livet flytta han til Dresden, der han vart utnemnd til æresborgar. Han mottok òg Stalins fredspris.
Blant hovudverka er Pelle Erobreren (1906–10) og Ditte Menneskebarn 1917-21. Begge desse romanane er filmatisert. Han er òg kjend for sjølvbiografien sin i fire band:
- Et lille Kræ
- Under aaben Himmel
- For Lud og koldt Vand
- Vejs Ende
Prisar og utmerkingar (utval)
[endre | endre wikiteksten]- 1911 – Otto Benzons Forfattarlegat
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Martin Andersen Nexø» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2019.