Martin Buvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Buvik
Fødd 14. januar 1923
Død 17. februar 2018
Parti Høgre

Martin Buvik (14. januar 192317. februar 2018) var ein norsk politikar frå Trondenes i Troms som representerte partiet HøgreStortinget frå 1965 til 1977 og var fylkesmann i Troms 1977-90.

Buvik var son til ein gardbrukar og fiskar. Etter middelskuleeksamen 1939 arbeidde han frå 1942 til -47 som folkeskulelærar i Skånland og Evenes. Sidan var han i to år distriktssekretær i Unge Høgre, medan han i tida 1948-65 var fylkessekretær for Troms Høgre. Han budde i Tromsøysund og var med i kommunestyret der i to periodar frå 1956. Etter kommunesamanslåing var han medlem i bystyret i Tromsø.

Frå hausten 1965 var Buvik stortingsrepresentant frå Troms. Med attval i 1969 og 1973 vart han verande på Stortinget i tre valperiodar. Den fyrste fireårsbolken var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Sidan var han tre sesjonar, 1969-72, med i Kommunalkomiteen og der etter i Kommunal- og miljøvernkomiteen 1972-77.

Buvik kunne i 1977 trekke sitt kandidatur til stortingsvalet då han allereie var utnemnd til fylkesmann i Troms, eit embete han hadde til 1990. Samstundes var han 1977-89 styreformann i Oljedirektoratet, 1980-87 leiar i Reindriftsstyret og 1986-92 formann i Norsk-finsk kulturfond. Åra 1984-86 og 1987-89 var han leiar av to ulike såkalla kommuneinndelingsutval. Frå 1990 til -92 var han både medlem i Forsvarskommisjonen av 1990 og leiar av Utvalet til å vurdere den sivile beredskapen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]