Martin Hans Christian Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martin Knudsen (1934)

Martin Hans Christian Knudsen (fødd 15. februar 1871 i København, død 27. mai 1949) var ein dansk fysikar og oseanograf. Han jobba ved Danmarks Tekniske Universitet frå 1901, som professor frå 1912, til han pensjonerte seg i 1941.

Knudsen er først og fremst kjent for arbeidet sitt med molekylære gasstraumar og utviklinga av Knudsen-cella. Han har òg fått oppkalla fleire andre fysikkomgrep etter seg, mellom anna Knudsengass (ein gass-modell som ser bort frå kollisjonar mellom molekyla) og Knudsen-tal (Kn, engelsk Knudsen number).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!