Martin Heinrich Klaproth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Heinrich Klaproth
Martin Heinrich Klaproth.jpg
Fødd1. desember 1743
Wernigerode
Død1. januar 1817
Berlin
NasjonalitetTyskland
Områdekjemi
Yrkekjemikar, farmasøyt, universitetslærar, mineralog
InstitusjonarHumboldt-Universität zu Berlin
BarnHeinrich Julius Klaproth
MedlemRoyal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Akademie gemeinnütziger Wissenschaften
Kungliga Vetenskapsakademien
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det russiske vitskapsakademiet

Martin Heinrich Klaproth (1. desember 17431. januar 1817) var ein tysk kjemikar som oppdaga dei tre grunnstoffa uran, zirkonium og titan.

Klaproth gjorde mykje for å forbetra og systematisera framgangsmåtane innan analytisk kjemi og mineralogi. Gjennom arbeidet sitt både oppdaga og identifiserte han grunnstoffa uran, zirkonium og titan. Han fann òg fram til oppbygginga av fleire samansette stoff, mellom anna dei som inneheldt dei nyleg oppdaga grunnstoffa tellur, strontium, cerium og krom.

Vitskapsmannen som skulle bli leiande innan kjemifaget i Tyskland starta som apotekar. Han var fødd i Wernigerode og hadde først assistentjobbar i apotek i Quedlinburg, Hannover, Berlin og Danzig (Gdańsk) før han slo seg ned i Berlin som styrar av eit apotek i 1771. Etter å ha gifta seg med den velståande Christiane Sophie Lehmann, niesa til apotekaren Andreas Sigismund Marggraf, blei han eigar av Bären-Apotheke i byen i 1780.

Frå 1782 var Klaproth tilsett ved Ober-Collegium Medicum, og fem år seinare blei han førelesar i kjemi for det kongelege prøyssiske artilleriet. Då Humboldt-universitet i Berlin blei grunnlagd i 1810 blei han utnemnd til professor i kjemi.

Martin Klaproth blei ramma av slag første nyttårsdag og døydde i Berlin.

Sonen hans, Heinrich Julius Klaproth, hadde gått mot faren sin vilje og blei ein orientalist og oppdagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Martin Heinrich Klaproth