Martin Hoffmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Hoffmann
Martin Hoffmann 1974.gif
Fødd 22. mars 1955
Gommern
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Martin Hoffmann på Commons

Martin Hoffmann (fødd 22. mars 1955) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Gommern i Sachsen-Anhalt som vann olympisk gullmedalje med Aust-Tyskland sitt landslag under Sommar-OL 1976 i Montréal og i 1974 cupvinnarcupen med FC Magdeburg.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Hoffmann var ein kjapp venstreveng på FC Magdeburg frå 1973 til 1985. Han var i denne perioden med om å vinne cupvinnarcupen i 1974, den austtyske ligaen to gongar og nasjonal seriemeister tre gongar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Hoffmann deltok i 66 landskampar for Aust-Tyskland i åra frå 1973 til 1981 og skåra 16 mål. Sommaren 1974 spelte han i alle seks VM-kampane til det austtyske laget då Fotball-VM 1974 fann stad i Vest-Tyskland, ein meisterskap der han noterte seg for sitt fyrste landslagsmål, då det vart 1-1 mot Chile i gruppespelet. Under dei olympiske sommarleikane 1976 skåra Hoffmann det andre målet då Aust-Tyskland vann OL-finalen med 3-1 over Polen framfor 71 617 tilskodar på Olympic Stadium i Montréal.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 1976 for Aust-Tyskland
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1974 med FC Magdeburg
  • Austtysk ligameister: 1974 og 1975 med FC Magdeburg
  • Austtysk cupmeister: 1978, 1979 og 1983 med FC Magdeburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]