Martin J. Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin J. Strand
Fødd 10. oktober 1873
Kvernes
Død

17. august 1935

Yrke bankier, politikar, bonde

Johan Martin Jakobsson Strand (10. november 187317. august 1935) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå KvernesNordmøre. Han representerte partiet VenstreStortinget frå 1925 til han døydde.

Strand var son til ein gardbrukar. Han var elev ved Nordmøre amtsskole i Torvik i 1893, ved Gjermundnes landbruksskule i Vestnes i 1898, og ved Noregs landbrukshøgskule 1899-1901. Deretter var han gardsstyrar i eitt år, og så like lenge forpaktar av gard. Frå 1903 dreiv han eigen landbruksskole på Nordmøre i åtte år, frå 1907 på garden Bremnes i Bremsnes herad, som han åtte og dreiv til han døydde.

Frå 1912 var Strand i tillegg åstadskommissær i Bremsnes, og frå 1915 var han styremedlem (direktør) i Bremsnes Sparebank. Han var varaordførar i Bremnes i ni år, 1920-28.

Strand var medlem i den nasjonale Husmannskommisjonen av 1917, og seinare medlem i Skattelovkommisjonen av 1929. Frå 1925 møtte han på Stortinget frå Møre fylke, vald og seinare attvald for Venstre. Fram til 15. februar 1928 var han medlem, men då Johan Ludwig Mowinckel danna si andre regjering vart han flytta over i Finanskomiteen. Frå ny sesjon i 1931 var han med i Finans- og tollkomiteen, nestformann i komiteen 1934-35.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]