Martin Keown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Keown


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 24. juli 1966 (57 år)
Oxford
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2002, VM i fotball 1998, EM i fotball 1992, EM i fotball 2000

Martin Raymond Keown (fødd 24. juli 1966) er ein engelsk tidlegare fotballballspelar. Han var i årevis midtstoppar på Arsenal FC, ein klubb han hadde stor suksess med i tida 1997-2002. Keown utmerkte seg som hovudspelar og med harde taklingar. Ballteknisk mangla han mykje på internasjonalt nivå.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Keown fekk sin ligadebut med andredivisjonslaget Brighton & Hove Albion i 1984. Han hadde kontrakt med Arsenal og spelte for laget frå seinhausten 1985 til han sommaren 1986 vart overført til Aston Villa. Frå sommaren 1989 spelte Keown på Everton til midtvegs i 1992/93-sesongen, då gjekk turen tilbake til Arsenal. Dei neste elleve sesongane var han med på den store oppturen for Arsenal-laget, eit lag som sikra seg dobbeltsiger i ligaen og FA-cupen i så vel 1998 som 2002. Etter ein sesong på Arsenal-benken avslutta han 2004-06 med spel på nivå 2 for, fyrst, Leicester City og så Reading.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Keown debuterte på England sitt landslag i 1992 og deltok i 43 landskampar dei neste ti åra. I mange av kampane danna han midtstopparpar med klubbkameraten Tony Adams. Keown var med i troppane til EM 1996, VM 1998, EM 2000 og VM 2002. Han skåra 2 landslagsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]