Martin Kjølholdt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Kjølholdt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. januar 1938
Død

12. april 1989 (51 år)

Idrett fotball

Johan Martin Kjølholdt (22. januar 193812. april 1989) var ein norsk fotballspelar frå Tune i Østfold. Han var angrepsspelar for Sarpsborg FK i tida 1955-68. I 1964 deltok han då SFK tapte NM-finalen mot Rosenborg BK. Han fekk 2 kampar i landslagsdrakta.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kjølholdt spelte på Sarpsborg Fotballklubb sitt lag i 14 sesongar frå 1955 til 1968. Både i 1964 og 1965 la klubben beslag på tredjeplassen i 1. divisjon, Kjølholdt var toppskårar for laget begge sesongane. Hausten 1964 tok SFK seg finalen i noregsmeisterskapen. På Ullevaal stadion reduserte han på straffespark til 1–2 i sluttminutta, noko som også vart sluttresultatet i oppgjeret mot Rosenborg. Sesongane 1969-71 var Kjølholdt aktiv i 6. og 5. divisjon med Råde Idrettslag.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kjølholdt fekk sin landslagsdebut i Helsinki 8. august 1965, ein kamp som enda med heimesiger 4–0. Same året den 31. oktober kom han inn mot Sverige i Solna og spelte 15 minutt i det som vart hans siste landskamp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Bronse i seriemeisterskapen: 1964 og 1965 med Sarpsborg FK
  • Cupfinalist: 1964 med Sarpsborg FK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]