Martin Koukal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Koukal
KOUKAL Martin Tour de Ski 2010.jpg
Fødd 25. september 1978
Nove Mesto
Yrke langrennsløpar
Martin Koukal på Commons

Martin Koukal (fødd 25. september 1978) er ein tsjekkisk tidlegare langrennar frå Nové Město na Moravě som vart verdsmeister på 50 km under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Han vann elles ein VM-bronse og ein OL-bronse i ulike stafettøvingar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Koukal deltok i verdscupen i langrenn frå 1997 til 2011. Bortsett frå ein tredjeplass i ei sprinttevling i Garmisch-Partenkirchen i desember 1999, vart han lagt lite til merke i skimiljøet føre Ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Under meisterskapen i Nord-Italia gjekk han fyrst inn til sjetteplass på 30-kilometeren, før han fylgde opp med å verte femtemann i sprintrennet. Siste dagen i meisterskapen, 1. mars 2003, overraska han stort ved å vinne femmila i fristil framfor tre svenske utøvarar, med Anders Södergren nærast, 15 sekundar bakom.

Saman med Dušan Kožíšek vann Koukal bronsen på sprintstafetten under Ski-VM 2005. Han var med i gullstriden til innspurten, der han måtte gje tapt for tyske Axel Teichmann i kampen om sølv, Noregs lag vann tevlinga rimeleg klart. Koukal var også med då det vart massespurt på 50 km under Vinter-OL 2006. Han passerte målstreken 3,1 sekundar etter vinnaren, måtte likevel nøye seg med å verte nummer sju. Same plasseringa på same distansen fekk Koukal då Ski-VM 2009 fann stad i Liberec heime i Tsjekkia, ved det høvet 8,1 sekundar bakom gullmedaljøren, Petter Northug. Året etter, under Vinter-OL 2010 i Vancouver kjempa dei same to, som ankermenn, om sølvplassen i 4 x 10 km stafett, eit oppgjer Northug avgjorde til Noregs fordel. Koukal og det tsjekkiske laget fekk dermed bronse.

Koukal la opp i 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]