Martin Linnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Linnes


Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1991 (32 år)
Kongsvinger kommune
Idrett fotball
Utmerkingar

Kniksenprisen for årets forsvarsspiller

Martin Linnes (fødd 20. september 1991) er ein norsk fotballspelar frå Sander i Hedmark. Frå 2016 har han gjort teneste for tyrkiske Galatasaray SK. Linnes har vorte norsk seriemeister og cupmeister med Molde FK og tyrkisk seriemester og cupvinnar med Galatasaray. Per oktober 2020 hadde han delteke i 27 landskampar for Noreg.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Linnes seriedebuterte med Sander IL i 2008. Sesongane 2010 og 2011 spelte han for Kongsvinger IL på nivå 1 og 2 i seriesystemet. Frå 2012 til 2015 var han Molde-spelar, ei tid der han var med om å vinne seriemeisterskapen i 2012 og på ny i 2014. Både i 2013 og 2014 vann Molde FK NM-finalen i fotball. Mot 2 millionar euro vart Linnes i januar 2016 overført til Galatasaray. Med klubben frå Istanbul var han cupmeister i 2016 og 2019 og seriemeister i 2018 og 2019.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Linnes fekk sin landslagsdebut 11. oktober 2013 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Slovenia i Maribor. Fram til 2020 hadde han spelt 27 landskampar, nær halvparten som innbytar. Sitt einaste landslagmål skåra han då San Marino tapte 0-8 på si heimebane. Linnes har vorte nytta både som back, kantspelar og defensiv midtbanespelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]