Martin Lundström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Lundström
Martin Lundström in St Moritz 1948.jpg
Lunström under 18-kilometeren i Vinter-OL 1948 i St. Moritz
Fødd 30. mai 1918
Norsjö kommun
Død

30. juni 2016
Umeå

Yrke langrennsløpar

Bo Hilding Martin Lundström, (30. mai 191830. juni 2016) var ein svensk langrennar i frå Norsjö kommun, som tok to gullmedaljar under vinter-OL 1948 i St. Moritz i Sveits. Etter bragdene i St. Moritz fekk han tilnamnet "Guld-Martin", eit kallenamn som sidan fylgde han heile livet.

Lundström var også med i ski-VM 1950 i Lake Placid. Etter å ha vorte nummer åtte på 18 km, gjekk han tredjeetappen på det sigerrike svenske staffetlaget som vann VM-gullet med nærare to minuttars margin til Finland. På femmila vart han nummer ni.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo fekk han ikkje gå nokon av dei to indivudelle renna. Derimot gjekk han på sisteetappen Sverige inn til bronse, bak dei suverne olympiameistrane frå Finland og nøyaktig eitt minutt bak ankermannen Hallgeir Brenden på Noregs sølvlag.

I SM-sammanhang vann Lundström seks gull-, fem sølv- og fem bronsemedaljar i perioden 1941-57. Han vart også svensk stafettmeister i lag med IFK Umeå sju gongar.

Etter si tid som aktiv dreiv Lundström ein sportsbutikk, Martins vapen och sport, i Umeå.

År 1982 byrja han å tevle i veteransamanhang, og har sidan vunne meir enn 30 VM-gull. Så seint som 2008 deltok Lundström, nærare 90 år gammal, i veteran-SM.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken, 1957