Martin McCarrick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin McCarrick
Fødd29. juli 1962 (61 år)
FødestadLuton
OpphavStorbritannia
Instrumentgitar, cello
Verka somgitarist
Gift medKimberlee McCarrick

Martin McCarrick (fødd 29. juli 1962) er ein engelsk cellist, klaverspelar, gitarist og komponist.

Den første innspelinga hans var med Marc and the Mambas i 1983 og han har halde kontakt med Marc Almond sidan den gongen. Han er òg kjend for arbeidet sitt med Siouxsie and the Banshees frå 1987 til 1995. Han spelte på albuma Through the Looking Glass i 1987 og dei tre neste albuma til og med The Rapture. Dei største hittane hans med bandet i 1991 var med singelen «Kiss Them For Me», som nådde 23. plassen på Billboard Hot 100.

McCarrick var òg medlem av 4AD-supergruppa This Mortal Coil, som han spelte inn tre album med, og seinare medlem av rockebandet Therapy?[1]

Andre artistar han har spelt med er mellom andre Nick Cave, The The, Gary Numan, Biffy Clyro, Marianne Faithfull, Bryan Ferry, 3 Colours Red og Rico.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kellman, Andy. «Biography: Therapy?». Allmusic. Henta 29. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]